Økologiske julestjerner

I år har me ein prøveproduksjon av økologiske julestjerner. Me kjøpte inn 1200 småplanter i august. Jorda dei blir planta i er norsk økotorv, kompost frå skolen, perlite og behandla med kompost-te preparat. 2 veker seinare toppa me dei; dette for at dei skal bryte og gi fleire greiner. Av toppene har me stokket ca 200 planter. For å bekjempe skadedyr, brukar me nyttedyr. Disse blir satt inn i drivhuset når me ser begynnande angrep.

Julestjerner er næringskrevjande. Me gjødslar med biobact frå begynninga av september fram til jul. Julestjerner blir i sin opphavlige form 4-5 meter høge. Det er foredla frem lave sorter, men ein må i tillegg bruke veksthemmande midlar for å få dei så lave som forbrukarane ynskjer. Her i vår økologiske produksjon har me valt å bruke låge sortar, samt at me styrar høgda med temperaturjusteringar.

I slutten av september starta vi med kortdagsbehandling. For julestjerner gjelder det 10 timer dagslys og 14 timer mørke. Dette gjør at plantene setter raudfarge på blada. Plantene er meget følsomme, lys forstyrringar i mørkeperioden gjør at dei ikkje sett farge.

Stjernene er no godt i gang med fargesettinga. Dei har en fin, jamn og kompakt vekst. Salet byrjar i slutten av november og varer fram til jul. Dei vil også vera for sal i Den Grøne butikken på Voss jordbruksskule.

Me har og eigendyrka juleglede, amaryllis og sviblar. Alt økologisk. I tillegg vil me ha andre norskproduserte planter for sal.

VELKOMEN!