VG3-landbruk

Litt om dei ulike faga på Vg3

Plante- og husdyrproduksjon

Ein vidarefører her Produksjon og tenesteyting frå Vg2. Emna dreier seg om både praktisk og teoretisk kunnskap om jord, planter, husdyr, bygningar, maskiner og utstyr. Ein går djupare inn i enkelte emne, og det vert meir fokus på å vere i stand til å vurdere ulike driftsformer og resultat.

Gardsdrift

Det vert ei delvis vidareføring av emne i Forvaltning og drift Vg2. Ein lærer å forvalte ein økologisk gard som ei bedrift med dei rammevilkår landbruket har i Norge i dag, og å sjå garden som ein del av ein heilskap i samfunnet. Til dette faget ligg størstedelen av ei tverrfagleg driftsplanleggingsoppgåve som går gjennom heile skuleåret. Elevane tek utgangspunkt i ein reell gard og lagar driftsplan for garden med dei produksjonane dei har mest interesse av.

Utmark og kulturlandskap

Også her vidarefører ein nokre emne frå Forvaltning og drift Vg2. Hovudvekt her er praktisk og forvaltningsmessig skjøtsel av skog, utmark, kulturlandskap, kulturminne og bygningar.

Valfrie programfag

Elevane skal ha to valfrie programfag gjennom året. For skuleåret 2010-11 tilbyr vi:

VP1, Økologisk landbruk 2 (sjå nasjonal læreplan her)

Elevane får valet mellom fordjuping i emne innan

  1. Hagebruk (frukt, bær, grønsaker eller urter)
  2. Husdyr og fôrdyrking (fordjuping i eit husdyrslag og tilhøyrande fôrproduksjon)

VP2, Næringsdrift (sjå nasjonal læreplan her)

Elevane kan velja mellom desse alternativa:

  1. Hest i næring
  2. Foredling(mjølk og kjøtt)  som næring
  3. Elevane vel eigne prosjekt som dei ynskjer å arbeida med

Dei tre første alternativa er med faglærar. Det fjerde alternativet føreset plan som er godkjent av skulen og høg grad av sjølvstudium.  Faget og fordjupinga som eleven vel skal knytast opp til den tverrfaglege planleggingsoppgåva.  Fyrste delen av faget vert ein mindre fellesbolk for alle om kartlegging av ressursar og potensial, marknad og økonomi og drift av ei verksemd.