Vg3 Landbruk, økologisk: samlings- og nettbasert

På Sogn Jord- og Hagebruksskule tilbyr vi samlings- og nettbasert Vg3, slik at det skal vera mogleg å bu heime og ha arbeid samstundes som ein fullfører agronomutdanning i økologisk landbruk. Vi legg opp til 7 obligatoriske samlingar (3-4 i kvart semester), og desse vert felles med dei elevane som følgjer undervisinga på SJH heile året. I tillegg må ein vere til stade under eksamensdagane på våren (2 obligatoriske eksamenar som gjerne går over 3 dagar inkludert førebuingsdagar i grupper). Elevane må knyte seg opp mot eit gardsbruk slik at dei kan tileigne seg den praksis dei går glipp av på SJH gjennom året. Dei må elles følgje kontinuerleg med på undervisinga og levere heimeoppgåver via fronter. På samlingane vert det ein god del praksis, og i tillegg vil vanskelege emne verta gjennomgått.

Informasjon om faga i Vg3 kan du lese på siden om ordinær Vg3 her. Når det gjeld dei valfrie programfaga, så kan samlings- og nettelevane i skuleåret 2017/18 velje mellom Traktor og maskiner eller Næringsdrift (Garden som ressurs).

Opptakskrav til Vg3 er fullført Vg2, Landbruk og gartnernæring, eller tilsvarande kompetanse gjennom yrkeserfaring. Den som har mykje og brei landbrukserfaring kan be om å få gjennomført ei vurdering av realkompetansen sett i høve til læreplanen for Vg2, Landbruk og gartnernæring. Ein vil då få fram ei såkalla gapanalyse, det vil seia kva kompetanse ein manglar for å ha kompetanse på Vg2-nivå. Sogn Jord- og Hagebruksskule vil hjelpe interesserte søkjarar til Vg3 til å få dekka det «kunnskapsgapet» dei eventuelt måtte ha for å starte på Vg3 Landbruk, økologisk.

NB: Skulen tek opp inntil 7 elevar per år på samlings- og nettbasert Vg3.

Ta gjerne kontakt med oss om dette er interessant for deg!