VG2-landbruk og gartnernæring

Litt om dei ulike faga på Vg2

Produksjon og tenesteyting

Dette faget inneheld dei tradisjonelle landbruksemna; jordkultur, plantekultur, husdyr og teknikk. Undervisinga i jord- og plantekultur i Vg2 og Vg3 vert sett i samanheng. Enkelte emne vert avslutta på Vg2, medan andre går over to år.

Hausten Vg2 lærer ein det grunnleggande om jord, kompost, planter og dyr. Elevane deltek i arbeidet med innhausting, pakking og lagring av mat – og fôrvekstar. Dyrestell står sentralt, og gjennom året skal alle delta 3 veker i fjøset med stell av kyr, geit, sau og hest.

Våren er ei hektisk tid, og etter ei grunnleggande innføring i våronnarbeid får elevane etter inndeling i grupper kvar sine jordstykke som dei får ansvaret for å både planlegge og gjennomføre jordarbeiding og såing på. Dette gjev trening i praktisk arbeid, å gjera faglege vurderingar og ikkje minst i å samarbeide med andre.

sommarkurset får elevane delta i praktiske øvingar og markvandringar, og får på den måten følgje utvikling og nødvendig stell i dei ulike kulturvekstane i denne viktige delen av veksttida. Dei praktiske øvingane får dei først og fremst i grønsaker og potet og ein del i veksthuset. Dei har vore igjennom praktiske øvingar i dei andre kulturane på Vg2, og får følgja desse i utviklinga ved å delta på markvandringar gjennom sommarkurset. På ein lengre skuletur får dei innblikk i plantedyrking på økologiske gardsbruk i andre landsdelar.

Når haustsemesteret startar held vi fram med å følgje veksten ute så lenge det er levande planter, og knyter undervisinga opp i mot dette. Etter at vektsesongen definitivt er over byrjar teoriundervisinga for fullt, og vi går då meir inngåande inn på einskildkulturar til mat og fôr når det gjeld biologi, dyrking og bruk. Referansen til dei praktiske øvingane og observasjonane dei har hatt tidlegare er avgjerande for eit vellukka utbytte av teoriundervisinga.

Bruk av maskiner og reiskap knytt til dei ulike produksjonane er viktig. Elevane skal lære å bruke traktoren som trekkraft på ein sikker og god måte, og i tillegg skal dei lære å bruke reiskapen riktig. Vidare er service og vedlikehald av traktor og reiskapar sentrale emne. Noko reparasjonar må ein også vere i stand til å gjere, og bruk av t.d. handverktøy, vinkelslipar og sveiseapparat høyrer med.

Forvaltning og drift

Hovuddelane av dette faget er;

  1. Naturbruk; kartlegging og forvaltning av ulike naturtypar. Viktige emne her er hogst i skogen, prøvefiske og forvaltning av fiskevatn m.m.
  2. Bedriftsetablering, omsetning og økonomi. Eit sentralt verktøy her er etablering og drift av Ungdomsbedrift.
  3. Foredling. Her vil ein få ei praktisk innføring i foredling av nokre få produkt.

Prosjekt til fordjuping

Her vert året delt i tre bolkar; haust, vinter og vår. Elevane har det same faget haust og vår. Elevane kan velje mellom desse faga:

HaustVinterVår
HestHest
BygningslæreBygningslære
HagebrukHagebruk
Husdyr
Foredling

For alle faga er det vekt på praksis, med noko teori og oppgåveløysing .