Studietilbud
Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) er ein vidaregåande skule som underviser i økologisk landbruk og berekraftig samfunnsutvikling. Gardsbruket ved skulen er det viktigaste klasserommet vårt, og heile garden er økologisk driven.
Tilbod for skuleåret 2010/2011:
- Vg2 Landbruk og gartnernæring, økologisk . Nasjonal læreplan for programfaga på Vg2 her.
- Vg3 Landbruk, økologisk. Nasjonal læreplan for programfaga på Vg2 her.
Alle læreplanmål er tilpassa økologisk landbruk. Du kan lesa meir om dei ulike programområda på vilbli.no
SJH tilbyr ikkje Vg1 Naturbruk. Dette må elevane ta på ein annan skule fyrst eller dei må ha tilsvarande kompetanse.
Skulen er landsline, og det vil seia at elevar frå heile landet har same rett til elevplass ved skulen. Ofte er det også utanlandske elevar ved skulen.
(klikk for å forstørre)
Den sentrale opplæringsarenaen er eit allsidig skulegardsbruk med økologisk drift. Mykje av undervisinga er difor lagt opp som praktisk arbeid på garden. Øvingane er lagt opp slik at elevane får praktisk erfaring med gardsdrift gjennom heile året og slik at skulegardsdrifta skal gå i hop. Til dømes har elevane faste turnusar med stell av husdyra: kyr, geiter, sau og hestar. Om våren er det rundar med lammevakter i sauehuset. Ein del av husdyrstellet kjem utanom vanleg skuletid.
Vg2 og Vg3 vert difor lagt opp som eit toårig løp, der undervisinga på Vg3 startar opp med eit sommarkurs på tre veker.
Praksisbasert undervising utgjer om lag 50% av undervisinga i Vg2, og 25% i Vg3.
For at undervisinga skal kunne fylgja dei naturlege variasjonane gjennom året har me ikkje ein fast timeplan for heile året. Timeplanen vert laga for 3 veker i gongen, og er sesongavhengig.



