Sommarkurs

På SJH legg vi stor vekt på å få til eit heilskapleg opplegg, med best mogeleg samanheng mellom teori og praksis gjennom dei to skuleåra.

Vg2 og Vg3 vert difor lagt opp som eit toårig løp med undervising deler av sommaren, slik at elevane får med seg også den viktige perioden i vekstsesongen som sommaren er. Sommarkurset er ein del av Vg3.

Nytt for sommarkurset i 2010 er at elevane i større grad får velja kva produksjonar dei vil delta i. Vi kjem tilbake med detaljar om programmet for sommarkurset.

Tema:

  • stølsdrift; mjølking av geiter og ysting på gamlemåten på Sinjarheim i Aurlandsdalen
  • grønnsaker, urter, frukt og potet
  • skuletur; dette er ein rundtur på ei veke der me vitjar ulike økologiske gardsbruk og andre interessante stader