Litteratur

Ein del av bøkene som vert brukt i undervisinga på SJH:

Økologisk jordkultur ,
Sissel Hansen og Kirsty McKinnon. 344s. Landbruksforlaget/NORSØK. 1999. Jordøkologi, vurdering av jord, gjødsel og gjødsling, kompostering, forbetring av dyrkingsforhold, jordarbeiding, kjøreskader og erosjon.

Økologisk husdyrhald,
Ingrid Olesen, Turid Strøm og Vonne Lund. 537s. Landbruksforlaget/NORSØK. 1999. Om storfe, sau, geit, gris, hest og høner. Husdyravl, fôring, helse, åtferd, slakting og foredling.

Økologisk plantekultur 1,
Olav Arnar Bø og Bjørg Fritsvold. 335s. Fagbokforlaget. Innføring i grunnleggjande emne som plantebiologi, vekstskifte, ugras og skadeorganismar, planteoppal og formeiringsmåtar. Deretter kjem ein grundig gjennomgang av korn og erter til modning og potet.

Økologisk plantekultur 2,
Olav Arnar Bø og Bjørg Fritsvold. 357s. Fagbokforlaget. Bok 2 held fram med gjennomgang av dei andre mat- og fôrvekstane som er aktuelle i Norge. Til slutt litt om lager og lagringsmåtar og om produktkvalitet.

Frå ressurs til produkt – lokal foredling og omsetning,
Bjørn Ness. 328 s. Fagbokforlaget. Boka tek for seg kva vi må kjenne til og kva vi må vurdera dersom vi ønskjer å setja i gang med lokal foredling og omsetning av gardens produkt. Vi finn døme på foredling av ulike typar råvarer, og ikkje minst ein fyldig del med forretningsplan – omsetning og økonomiske vurderingar.

Økologisk skog og utmarksforvaltning 1 og 2,
Øyvind Skar. 352 s. Vett & Viten. Gjev oversikt over norsk natur og naturbruk med vekt på økologiske kunnskapar og forståelse. Oppgåver og forslag til prosjekt er meint å styrke interessa for økologisk langsiktig naturbruk og omsorg for våre mangfaldige natur- og kulturverdiar.

Økologisk landbruk

Ringnes, M., Serikstad, G.L., Ebbesvik, M., Henriksen I.F, B. og McKinnon, K. 294 s. Tun Forlag. 2010

Andre bøker som vert nytta i vår undervising:

Ysting

Ragnhild Nordbø og Maria Ballhaus. 382 s. Fagbokforlaget. 2018

Gårdsbedriften

Kari Bergitte Finstad. 173 s. Tun Forlag/Fagbokforlaget. 2010

Bygninger på gårdsbruk

Gjestang, K.E., Gravås, L., Langdalen, J.P. og Lilleng, H. 288 s. Landbruksforlaget. 1999

Jordkultur

Svein Skøien. Fagbokforlaget. 2009

Fôringslære

Torger Gjefsen. 336 s. Tun Forlag. 2007-2008

Husdyrlære

Gjefsen, Torger. 263 s. Tun Forlag. 2009

Maskiner – for landbruk og gartnernæring

Birger Bjerga. 319 s. Fagbokforlaget. 2009

Kunnskap for ei felles framtid

Barane, J., Hugo, A. og Clemetsen, M. 12 s. Fagbokforlaget. 2015

Hest og hestehold

Bakken, Ø., Bøhn, E., Heidenberg, T., Knævelsrud, T., Næsset, J.A. og Vangen, O. Tun Forlag. 2009

Stalldrift

Oppegaard, A., Finstad, K.B., Løken, R. og Bakken, Ø. Tun Forlag. 2009

Aktiviteter med hest

Bakken, Ø., Kragh, L., Myskja S., L. og Vangen, O. Tun Forlag. 2009

Matfag

Per-Øystein Sandvin, redaktør. 336 s. Fagbokforlaget. 2008

Grindbygningen; innføring i ein byggjeteknikk

Kåre Herfindal. 31 s. Norges Husflidslag. 2007

 

Ved sida av lista med litteratur har vi fleire andre bøker og hefter som blir brukt som støttelitteratur. Fleire nettstader er også flittig i bruk, blant andre www.agropub.no og fagartiklar henta frå landbruksorganisasjonane.