Lånekassen

Stipend i Lånekassen

  • Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend. Unntaka er lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar.

Du må sjølv søkje om stipend, og du kan søkje først etter at du har fått skoleplass. Når du søkjer om stipend, vurderer Lånekassen om det er andre typar stipend du har rett til.

Slik søkjer du om stipend

Har du ungdomsrett og har søkt om opptak på vigo.no til ein offentleg vidaregåande skole? Då er det enklast å klikke seg direkte frå vigo.no til Lånekassen sin søknad, samtidig som du takkar ja til skoleplassen på Vigo. Du finn også søknaden på Dine sider på lanekassen.no.

Du kan følgje med på korleis det går med søknaden din på Dine sider.

Pass på dersom du har høgt fråvær, endrar fag eller avbryt utdanninga

Du må melde frå til Lånekassen med ein gong dersom du

  • sluttar eller tek ein pause i utdanninga di
  • byter skole eller studieretning
  • flyttar heim til foreldra dine

Skolen melder frå til Lånekassen dersom du

  • har stort fråvær
  • sluttar i eit fag
  • får fritak frå eit fag

Dersom du har for stort fråvær, sluttar i fag eller får fritak for fag, kan det påverke kor mykje stipend du får.

Skal du på utveksling?

Då må du sende inn stadfesting både frå skolen din i Noreg og frå utvekslingsorganisasjonen. Du finn meir informasjon om utveksling i utlandet på Lånekassen sine nettsider.

Du finn meir informasjon om stipend og lån på lanekassen.no og på Lånekassen si side på Facebook for deg på vidaregåande skole.