Internasjonal satsing
Russland
Agronomane på SJH avsluttar Vg3 med ei vekes tur til Russland som byr på intensivkurs i økologisk bygging, i samarbeid og i å utvikle samkjensle med brør og systrer i andre land.
Målet med turen vår er å utvikle langvarig samarbeid, og gjensidige læring mellom ungdomar i Norge og Russland. Fokuset er på å fremja bærekraftige byggjemetodar, og bruk av fornybar energi. Dette dannar modell for eit mangesidig samarbeid som omfattar støttearbeid, eit unikt undervisingstilbod, miljøsamarbeid, kunnskapsoverføring og kulturell utveksling. Du kan lesa meir i ein artikkel som står i tidsskriftet Økologisk Landbruk nr 1. 2010.
Polen
Sogn Jord- og Hagebruksskule har intensjonsavtale om samarbeid med ein landbruksskule i Polen. Skulen ligg nord for Warsawa og dei ynskjer å leggje om til økologisk landbruk. I avtalen med med Jadwiga Dziubinska Agriculture Schools in Goladkowo har vi skreve under på at vi skal arbeide for å utveksle kunnskap og erfaringar, organisere studieturar for elevar og lærarar og søke økonomisk støtte for å få realisert dette. Ei gruppe elevar og ein lærar var nedover på besøk der hausten 2009. Les meir om besøket ved å lesa det som er skreve under NEWS og skroll ned til Oktober 2009 på heimesida til den polske skulen – sjå lenkja lenger oppe i teksten.


