Fagskuleutdanning på SJH

sjh-slider-12

Agroteknikar innan økologisk landbruk

Fagskolen Innlandet tilbyr frå hausten 2017 landets fyrste fagskule i økologisk landbruk i samarbeid med Hvam videregående skole og Sogn Jord- og Hagebruksskule. Det blir eit samlingsbasert deltidsstudium som går over to år. Samlingane vil finne stad både på Hvam videregående skole og Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Kva er fagskule?

Fagskule er ei yrkesfagleg, høgare utdanning som byggjer på vidaregåande utdanning. Det er ikkje krav om generell studiekompetanse. Fagskule innan landbruk bygger på naturbruksprogrammet eller relevant yrkeskompetanse. Dei som tek fagskuleutdanning innan landbruk får tittelen agroteknikar.

Studieinnhald

  • Driftsleiing og økonomi
  • Jord- og plantekultur
  • Husdyrproduksjon
  • Tverrfagleg hovudprosjekt

Meir informasjon finnast på www.hvam.vgs.no

Arbeidsformer

Studiet går over to år, og er på deltid med 10 samlingar kvart år. Noko nettundervising/rettleiing kjem i tillegg. Det blir lagt vekt på ei praktisk tilnærming til dei teoretiske emna. Undervisinga vil bli ei blanding av forelesingar, ekskursjonar, oppgåver, prosjektarbeid, sjølvstudium og rettleiing i grupper og individuelt. Studentane får høve til å arbeide med planer for eigen gard eller andre eigne prosjekt gjennom studiet. Skulane samarbeider tett med næringa, og kjem også til å leige inn lærarkrefter frå Norsk Landbruksrådgjeving og andre fagmiljø i landbruket.

Studentane skal i tillegg ut i bedrifter (40 timer). Vi legg stor vekt på å gjennomføre gardsbesøk, og bruker både desse og skulegardsbruka som case i undervisinga.

Agroteknikar i økologisk landbruk

Ei yrkesfagleg, høgare landbruksutdanning – for bonden, rådgjevaren og fagarbeidaren.

Ein agroteknikar i økologisk landbruk vil ha god kompetanse om jord og jordøkologi, økologisk planteproduksjon og husdyrhald, samt økonomisk styring og næringsutvikling på ein landbrukseigedom. Det vil bli lagt stor vekt på å utfordre studentane til nytenking, og til å kople aktuelle verktøy og teori opp imot næringsgrunnlaget på garden. Fagskule innan økologisk landbruk har som mål å utdanne reflekterte yrkesutøvarar og –rådgjevarar som deltar aktivt i planlegging og produksjon av økologisk mat.

Opptakskrav

  • Fullført og bestått vidaregåande opplæring innan naturbruksprogrammet. Med unntak for fiske, fangst og akvakultur.

eller

  • Realkompetanse: Her er det krav om minst fem år yrkeserfaring frå landbruksproduksjon og/eller annan skulegang. Les meir på heimesida til Hvam videregående skole: www.hvam.vgs.no

Søknad

Ordinær søknadsfrist er 15.04 og elektronisk søknad skal sendast til www.vigo.no. Kurskode FPS02N. Søknad etter fristen skal sendast direkte til: Hvam videregående skole, Hvamsallèen 30, 2165 Hvam

For spørsmål om opptakskrav, studiet, gjennomføring og søknad etter ordinær frist, ta kontakt med Hvam vgs. Telefon: 63 91 21 00 E-post: post@hvam.vgs.no

Stipend og lån

Som student ved Fagskolen Innlandet har du rett til stipend og lån ved Statens lånekasse for utdanning.

Om skulane

Hvam videregående skole ligg i Nes kommune, Akershus og har tilbydd utdanning i landbruk i meir enn 100 år. Skulen tilbyr framtidsretta utdanning i eit grønt miljø, med ulike utdanningar innan naturbruk, landbruk, fagskuleutdanning og kortare fagkurs.

www.hvam.vgs.no

Sogn Jord- og Hagebruksskule ligg i Aurland og har landsline for økologisk landbruk på vidaregåande nivå. Skulen er også ein utviklingsaktør innan økologisk landbruk og bygdenæringar.

www.sjh.no

Fagskolen Innlandet har over 40 års erfaring med fagskuleutdanning og er den største fagskulen i Norge. Vi tilbyr no fleire utdanningslaup innan landbruk.

www.fagskolen-innlandet.no