Ysteriet

Ysteriet vart bygd for omlag 10 år sidan, som klasserom for lokal foredling av mjølk. Ysteriet blir nytta til undervising for elevane på skulen og til kurs for bønder som skal starte med, eller driv med småskala mjølkeforedling. I ysteriet er det jamleg produksjon av gamalost, rømme, kvitost, yoghurt, ferskost, salatost og blåmuggost frå upasteurisert mjølk frå skulen sine kyr og geiter.

Produksjonen er til stor glede for dei som handlar i gardsbutikken, og erfaring frå drift i ysteriet er eit godt grunnlag for undervisinga for elevar og kursdeltakarar. Frå oktober 2009 har vi hatt eit gamalostprosjekt gåande, kor vi lagar gamalost etter tradisjon frå budeier i Sogn. Målet er å ta vare på dette handverket og utvikle ein ost av jamn, høg kvalitet, med god driftsøkonomi.

Vi håpar dette skal inspirere andre til å satse på tradisjonsost framfor å berre laga ost etter søreuropeisk tradisjon. Gamalosten frå SJH fekk ein pangstart med gullmedalje på Landsutstillinga for gardsost i oktober 2009. Ynskjer du å bestille gamalost – ta kontakt med Gardsbutikken på SJH.