Stølsdrift i Aurlandsdalen og Flåmsdalen

Sidan 1992 har elevar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) vore på Sinjarheim i Aurlandsdalen. I løpet av tre veker om sommaren lærer dei om gamal stølsdrift.

Elevar og lærar har med seg geiter og gjerne eit par kyr til Sinjarheim. Kvar elevgruppe får driva nokre dagar med handmjølking og førefallande tiltak i kulturlandskapet. Mjølka vert ysta til brun og kvit ost. I tillegg til å vera ei positiv oppleving for elevane, er dette også interessant for dei mange fotturistane som ferdast i dalen.

SJH er deltakar i Rallarrosa stølsysteri i Flåmsdalen. Geitene er på denne stølen frå juni til september. Sjå  www.rallarrosa.no

Sinjarheim på Wikipedia: les meir!