Husdyrhald

Garden har mjølkegeiter, sauer av rasen NKS, mjølkekyr og ungdyr – NRF med innslag av gamle rasar. Kalvinga føregår om hausten/vinteren, og kalven får gå med mor si i 3-4 dagar.

Dyra vert fòra med surfòr frå plansilo eller rundballar, låveturka høy og kraftfòr. Geitene set stor pris på lauvkjerv eller å gnaga på greiner.

Mjølkekyrne og geitene held til i fjøset som vart bygd i 2000. Dei har tilgang til luftegarde i vintersesongen. Frå seinsommaren får kyrne fjellferie eit par månader. Geitene vert mjølka på to stølar (les meir under stølsdrift) før dei får haustferie i utmarka. Sauene har sin eigen uisolerte fjøs med uteområde. Dei er på fjellbeite frå juni til september.

Elevane har ein del av praksisen sin i fjøset. Dei tek del i fjøsstell morgon og kveld, og i helgane.