Gartneriet

Sogn Jord- og Hagebruksskule driv økologisk veksthusproduksjon i to veksthus: eitt klimaregulert veksthus med tre avdelingar (810 m2) og eitt plasthus (600 m2) med jordgolv.

Me har ein allsidig økologisk produksjon av mat-, nytte- og prydplanter. I 2013 blei det installert jordvarmeanlegg som leverer varme til begge veksthusa, samt arbeidsrom, kontor og gardsbutikk. Gartneriet er ein viktig arena for elevane våre og brukarar i arbeidstrening. Gartneriet rettar seg både mot undervisninga og kommersiell drift.

Veksthusa

Hovedveksthuset blir nytta til oppal av grønsaksplanter, dyrking av blomar og urter. Produksjonen startar i februar/mars og varer til midtsommar. Her har me planteoppalet for skulen sin grønsaksproduksjon. Oppalsplanter, urter og blomar frå veksthusa er til sals i blomsterbutikken. Større kvantum kan tingast her.

I plasthuset startar me å dyrka  kulturar som klarar seg ved låge temperaturar og korte dagar. Til dømes har me hatt tidlegsalat, ruccola, div. asiasalat og kvitløk. Tomat, agurk, chili og paprika blir planta ut i april/mai. Haustinga startar rundt jonsok og varer til september/oktober.

Elevane ved SJH får opplæring i – og har mykje praksisundervisning i veksthusa. Dei har vore med å laga jordblandingar som dei nyttar, både til skulen sin produksjon og til eigne prosjekt. Me har eit samarbeid med Aurland Barne og Ungdomsskule der  5. klasse gjennom “Levande skule” får undervisning i oppal og dyrkar egne planter til skulehagen sin og torgsal.

Kort om økologisk veksthusproduksjon

Økologisk veksthusproduksjon har same grunnprinsipp som det økologiske landbruket elles. Her blir det brukt organisk gjødsel til plantene. Me brukar nyttedyr førebyggande og  i kampen  mot skadedyr, t.d. snylteveps, rovmidd og nematodar. For å halda plantene kompakte og hindra strekningsvekst, nyttar me temperaturregulering. Overskotsvatn og -gjødsel blir resirkulert.