Garden

SJH ligg på den gamle prestegarden Aurdal i Aurland kommune. Her har det budd og arbeidd folk i uminnelege tider. I gravhaugane på garden finst det spor av folk attende til folkevandringstida (om lag 400 e.Kr.). Garden opplevde 300 års glanstid før svartedauden, og deretter 300 tunge år før han vart prestegard i 1650.

I 1917 vart SJH oppretta, og tidleg på 1980-talet byrja skulen å leggja om til økologisk drift. SJH disponerer i dag 250 dekar fulldyrka jord og 100 dekar gjødsla beite. I tillegg er skulen med i eit sameige av om lag 30 000 dekar utmark i fjellet. Som den einaste landbruksskulen i landet har SJH heile arealet godkjent som økologisk (av kontrollorganisasjonen Debio).

På skulegardsbruket dyrkar me både matvekstar og fôrvekstar. Snautt 100 dekar av det fulldyrka arealet skulen driv er varig grasmark, som berre vert fornya når det er trong for det. På resten av arealet har me eit sjuårig vekstskifte. Det vil seie at det går sju år mellom kvar gong me dyrkar til dømes potet på same jordstykke.

Vekstskiftet:

år 1-3: eng
år 4: grønfôr
år 5: potet
år 6: havre-ert
år 7: attlegg med dekkvekst