Frukt og bær
På SJH har me omlag 0,5 daa kvar av jorbær (3 sortar), bringebær (3 sortar) og solbær (2 sortar). I tillegg har me nokre få plantar av meir uvanleg slag, som litt druer og bjørnebær, og nokre ferskentre. Me har eit godt samarbeid med forskarmiljøet på Njøs i Leikanger, og er i det samarbeidet feltvert for utprøving av nye bærsortar til den norske frukt/bær- dyrkaren. I desse dagar har me 13 ulike sortar av bærslaget Blåleddved til utprøving her, tilsaman 52 bærbusker.
Me har og nokre litt eldre fruktfelt på skulegarden, i hovudsak eple, men og plommer pluss litt pærer. To av desse felta er i ein prosess med fornying/sanering, m.a. plommefeltet. Det er i desse felta det meste av undervisinga går føre. Dvs. beskjæring og forming av trea, og stell i hagen generelt.
I tillegg har me eit omlag 20 daa stort eplefelt (etablert 2004) på leigeareal utanfor skulegarden, der 80% av avlinga går til økologisk eplejuiceproduksjon ved Balholm AS i Balestrand. Dette feltet vart til som ein del av ny-satsinga på økologisk fruktproduksjon i Sogn og Fjordane, og mange aktørar var med på å finansiera feltet. Feltet er ope for besøk, og her kan og ulike forskarmiljø køyre forsøk med m.a. skadedyrtiltak i øko-dyrking. Feltet er enno ikkje komme i full bering, men hadde i 2009 omlag 13.000 kg avling. Det er venta at det på sikt vil liggja på rundt 20-25 tonn pr år. Her vert og elevane involvert, med trestell og innhausting m.m.
Ellers held me på med planteproduksjon/oppal i veksthuset vårt om våren, der me t.d. lagar nye frukttre(poding), stiklingsformeiring av bær og evt. andre relevante ting.


