Bigarden

I bigarden på SJH har me ti bikuber. Biene gjer ein viktig jobb med pollinering under blomstringa. Då gjeld det å ha mange insekt på rett stad til rett tid. I følgje studium frå Sverige aukar bier avling på opp til 35 % og gir finare frukt og bær.

Alle elevane får ei generell teoretisk innføring i bihald, og noko praksis. Den milde og gode honningen vert servert i matsalen og seld i gardsbutikken.