SJH-Ressurssenter

Ressurssenteret tek seg av omvisingar, kurs og prosjekt utanom den ordinære undervisinga.

Omvising

Vi ynskjer alle velkomen til Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH). Her kan de få omvising på skulegardsbruket. Om de ynskjer, kan vi leggje opp spesielle tema, som vekstskifte, økologisk husdyrhald, lokal foredling, arbeidshest, skulehage eller garden som pedagogisk ressurs.

Ta kontakt med oss om de ønskjer å koma på besøk. Pris etter avtale. Landbruksskular får tilbod om ein time gratis omvising. Det er høve til å kjøpe mat på skulen sitt internat, der det vert servert økologisk mat av råvarer frå skulegardsbruket. Det er òg vegetarisk meny.

Prisar på overnatting og måltid for gjestar finn du her.

Kurs

Ressurssenteret arrangerer kortare og lengre kurs for bønder, småskalaprodusentar og andre interesserte. I skulen sitt ysteri er det fleire ulike kurs i ysting med Pascale Baudonnel og Ragnhild Nordbø. Mange av kursa er arrangert i samarbeid med Kompetansenavet Vest. Det aktuelle kurstilbudet finnast ved Aktivitetar/kurs.

Prosjekt

Ressurssenteret organiserer ulike prosjekt som er knytt til økologisk landbruk og til undervisninga ved skulen. I prosjektarbeidet samarbeider vi med mange andre organisasjonar som arbeider for økologisk landbruk. Prosjekta består av utviklingsprosjekt innan skulen sine satsingsområde og andre oppdrag.

Dømer på utviklingsprosjekt:

  • Utvikling av kompetansesenter småskala mjølkeforedling i Aurland
  • Stadbasert entreprenørskap og læring i samarbeid med UMB m.fl.
  • Fagskule i økologisk landbruk
  • Nasjonalt Geitesenter i Aurland (sjå her & her)
  • Stølsdrift i Kårdalen (last ned rapport Kårdalen.pdf eller besøk Rallerrosa stølsysteri)

Dømer på andre oppdrag:

  • Organisering av tilrettelagt arbeid og opplæring på SJH – i samarbeid med kommune og NAV
  • Bruk av skulegarden som læringsarena for elevar på Aurland barne- og ungdomsskule
  • Gardspraksis for elevar frå Steinerskolen på Skjold i Bergen