Kompetansenavet

Kompetansenavet Vest

Lokale mat- og serveringsbedrifter kan få fagleg hjelp gjennom Kompetansenavet. Noreg er delt inn i 5 Kompetansenav (sjå Nettverk) som utarbeider tilbod som kurs, seminar, nettverk, studieturar, hospitering og gi oppfølging av fagpersonar gjennom besøksordninga. Arbeidsområdet til Kompetansenavet Vest er Hordaland og Sogn og Fjordane. Kompetansenavet Vest har base på Sogn Jord- og Hagebrukskule i Aurland, men har aktivitetar rundt om i begge fylka. Sjå Aktivitetar/ kurs.

Besøksordninga

Gjennom denne ordninga kan verksemda di få besøk av ein matfagleg eller forretningsfagleg person, og de vil såleis hjelpe bedrift di ved ulike problemstillingar dei står ovanfor. Det kan til dømes vera spørsmål knytta til utforming av godkjent produksjonslokale, produktutvikling, emballasje, marknadsføring og kalkylar. Du kan få hjelp innan alle fagområde du må innom på vegen frå råvareproduksjon til ferdig pakka og selt produkt. Eit slikt besøk er gratis for verksemda. Ved behov kan ein få tilbod om vidare oppfylgjingsprosjekt med ei kostnadsramme på inntil 30 000 kr. Av dette er det ein eigenandel på 20% som verksema må dekkje sjølv.

Matkontaktar

Matkontaktane kan gje verksemdene hjelp og rettleiing over telefon eller gjennom besøksordninga. Matkontakten er rådgjevar, samtalepartnar og formidlar av kunnskap på bakgrunn av eiga erfaring, eller vidareformidlar kontakt med andre kompetansepersonar og relevant teknologi. Matkontakten kan fylgje opp bedriftene eller bidra til å etablere ei besøksordning. Sjå Matkontaktar.

Blogg

Dagleg leiar for kompetansenavet Vest,  Aud Slettehaug, skriv blogg. Bloggen skal vere til nytte for deg som driv ei lita næringsmiddelbedrift. Tema som kan diskuterast, idear som bør delast, tips og rapportar frå kurs og fagdagar eller presentasjonar av bedrifter.