Kategori: Nyhende Kompetansenavet

16.-22.03. Studietur til Frankrike inkl. ystekurs med Eric Randu i Montbardon

Publisert 16/03/2012 i Aktivitetar, Nyhende Kompetansenavet - Ingen tilbakemeldingar

Studietur inkl. ystekurs i ysteriet til Eric Randu, Montbardon i Queyras naturpark.
Her finn de rapporten frå studieturen som vart arrangert i mars 2010.

Kursleiar og tolk:
Pascale Baudonnel

Deltakaravgift:
kr 8.000 (inkl. ystekurs, kost og losji i Montbardon; reise T/R Norge-Frankrike er ikkje inkludert)

Påmelding:
til epost: paamelding.sjh@sfj.no eller tlf. 57 63 26 50
innan 15.01.2012

Last ned (PDF, 254.36KB)

 

13.-15.03. Marknadsføring, sal og økonomi, Voss

Publisert 13/03/2012 i Aktivitetar, Nyhende Kompetansenavet - Ingen tilbakemeldingar

okonomikurs-21-02-2011-3Kurs:  Lokal foredling og omsetning, del 3, for mjølk, kjøt og drikkevarer
Marknadsføring, sal og økonomi av alle typar foredling.
Planlegging, strategi, kommunikasjon, smaksverkstad, distriubusjon, kalkylar og prissetting.
Støtteordningar, nasjonale retningsliner HACCP m.m.

Målgruppe:
Alle som er i gang med eller planlegg oppstart av foredling av næringsmidlar.

Kursstad:
Vestnorsk Kulturakademi, Voss

Deltakaravgift:
kr 3.200

Påmelding til: paamelding.sjh@sfj.no eller tlf. 57 63 26 50 innan 15.02.2012

Detaljert program vil bli lagt ut så snart det er klart.

Last ned (PDF, 512.36KB)

20.-24.02. Lokal foredling og omsetning av mjølk, del 2

Publisert 20/02/2012 i Aktivitetar, Nyhende Kompetansenavet - Ingen tilbakemeldingar

sjh-ost-2Kursstad:  Sogn Jord- og Hagebruksskule, Aurland
Påmelding til:   paamelding.sjh@sfj.no eller tlf. 57 63 26 50
innan 25.01.2012

Last ned (PDF, 52.28KB)

05.02. Ville vekstar og bær – til nytte og foredling

Publisert 05/02/2012 i Aktivitetar, Nyhende Kompetansenavet - Ingen tilbakemeldingar

Velkommen til kursdag med Laila Spik

Stad: Hanne på Høyden, Bergen
Tidspunkt: 5. februar kl. 12.00 – kl. 16.30
(ev. litt lengre om ein ynskjer å stille spørsmål)
Pris: kr 300,- pr pers inkl. mat
(Betalar på staden med kort el. kontant)

Video med Laila der ho fortel ulike nytteplantar. NB, kurset vil berre fokusere på planter brukt i mat/foredling og ikkje medisinsk bruk.

Kompetansenavet Vest ynskjer med dette å tilby ei av dei fremste vi har i Norden på området ville vekstar i bruk.
Mange i regionen her brukar alt mjødurt, rognebær, blåbær, ramsløk osv.
Kurset passar både for de som er i gang med foredling og for deg som er på prøve eller idestadiet.
Kurset skal vere til inspirajson og erfaringsutveksling. Teknikkar for tørking av bær blir tatt opp.
Gelear, drikker, osv er blir demonstrert. Har du konkrete utfordringar så kan vi sende spørsmål til Laila i forkant av kurset.

Håper det er mange som har tid til å komme til Høyden denne dagen. Parkering er enkelt i Grieghallen eller på gata rundt Høyden sidan det er søndag.

Program:
11.45 Velkomst og litt mat
12.00 Vi startar presis med presentasjon av deltakarane
12.15  Laila Spik foredrag og presentasjon
15.30 Måltid – smaksett reisndyrkjøtt
16.00 Vi rundar av – tid for spørsmål og evt. eigne utfordringar

Påmelding til: paamelding.sjh@sfj.no for info ring Aud Slettehaug tlf. 47 37 57 39

Gull for “Lykla”

Publisert 07/10/2011 i Aktuelt, Nyhende Kompetansenavet - Ingen tilbakemeldingar

“Lykla”, salatosten av rå geitemjølk, frå Rallarrosa stølsysteri fekk gullmedalje på Landsutstillinga for gardsost i Stavanger 5.- 7. oktober 2011.
Det er Maria Ballhaus (tilsett ved Sogn Jord- og Hagebruksskule) som har ysta salatosten.

Rallarrosa stølsysteri i Flåmsdalen vart starta opp i fjor sommar og vert dreven av Anne Kari Dalsbotten i samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH).

Ysteriet på Sogn Jord- og Hagebruksskule fekk bronse for gamalost og kvitost av rå kumjølk.
Maria Ballhaus har ysta desse ostane òg.

I tillegg fekk Undredal Stølsysteri gullmedalje for “Sognakvitost” (ung usalta kvit geitost) og bronsemedalje for brun geitost.

Her finn du liste over ostane som fekk gull, sølv og bronse på Landsutstillinga for gardsost 2011.

Gratulerer Maria, Anne Kari, Rallarrosa Stølsysteri, Undredal Stølsysteri og SJH !!

 

Kurskalendar 2011/2012

Publisert 05/09/2011 i Aktuelt, Arkiv, Nyhende Kompetansenavet - Ingen tilbakemeldingar

Korte kurs i landbruket 2011/2012 i Sogn og Fjordane og Hordaland

Last ned (PDF, 2.58MB)