22.-24.05 Plukk vilt: Hausting, foredling og bruk av tang og ville vekstar

Publisert 26/04/2017 i Aktivitetar, Aktuelt - Kommentarer er skrudd av for 22.-24.05 Plukk vilt: Hausting, foredling og bruk av tang og ville vekstar

22.-24. mai blir det arrangert kurs i Plukk vilt: hausting, foredling og bruk av tang og ville vekstar i Værlandet/Bulandet som ligg i Askvoll kommune. Bli med på eit botanisk djupdykk inn i korleis du kan hauste frå naturen og kystlandskapet, og ei matreise inn i dei utsøkte smakane til tang og ville vekstar.

Kurset er i regi av Kompetansenettverk Lokalmat, og passar for deg som driv servering, vil hauste til kokkar og serveringsstadar eller har tankar om å bruke ville vekstar og tang profesjonelt.

Her møter du ei rekke spennande foredragshalderar. Nils-Henning Nesje, bondelaget sin kokk 2017-2018, Leif Sørensen frå Færøyane og pioneren bak Michelin-restauranten Koks, Anette Eckmann, forfattar av boka “Naturens Spiskammer”, og Ane Marit Willmann frå Vill Mat. Kurset er praktisk der vi lagar maten og har mykje fokus på smak, tekstur og komposisjonar.

Kom og la deg inspirere!

Lenke til kurssider med påmelding her: www.kortmat.no/plukkvilt