19.-24.09. Gardspraksis Steinerskolen på Skjold
Tolv elevar (9. kl.) og to lærarar frå Skjold steinerskule i Bergen hadde gardspraksis på Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i veke 24.
Dei same elevane (no i 10. klasse) og lærarane kjem att i veke 38. Då skal dei bl.a. vera med på innhausting av frukt og grønsaker, laga eplesaft og mykje meir.
Me ynskjer alle velkomne attende til SJH !
Me ynskjer alle velkomne attende til SJH !
Dagsrytmen for gardspraksisen vert stort sett slik:
Tid Aktivitet
06.00-07.30 Fjøstid
07.00-08.00 Frukost
08.30-11.30 Økt 1
11.30-12.30 Middag
12.30-15.30 Økt 2
17.30-18.00 Kveldsmat
Samlingsstund og loggskriving i klasserommet kvar kveld; kl. 20.30 –22.00; refleksjon over dagens arbeid, kva har vi gjort, kvifor og korleis?

