Internat

På internatet er det 31 hyblar (enkeltrom) med vaskeservant, fordelt over to etasjar. Det er felles bad i kvar etasje. I 2017 er ny matsal, nytt elevkjøken og opphaldsrom ferdig. Les meir om utbygginga her.

Resten av elevane leiger bustad i bygda.

Dei som bur på internatet må også eta på skulen. På det viset kan vi halda dei totale bukostnadane nede. I matsalen kan ein velja vegetarkost om ein ynskjer det. Meir enn 90 % av maten på internatet er laga av økologiske råvarer, og matserveringa har Debios serveringsmerke i gull. Dei som bur utanfor skulen kan eta eitt eller fleire måltid om dagen i matsalen om dei ynskjer det. Dette må i så fall avtalast. Elevane syter sjølv for reinhald på eigen hybel og for klesvask. Skulen har to vaskemaskiner og tørketrommel.

Matserveringa på internatet har Debios valørmerke i gull

Elevar som bur på internatet får full kost frå måndag morgon til fredag middag. I helgane kan dei bruka tilgjenge kjøken slik at dei kan stella seg sjølve frå fredag kveld til søndag kveld. Prisen for å bu på internatet frå 1.8.2017 er 4.250 kr/mnd.

På internatet er alle former for rus og tobakksbruk forbode. Les meir i husordensreglane som er eit vedlegg til skulereglementet.