Inn på tunet
SJH som ressurs for opplærings-, helse- og sosialsektor.
Inn på tunet vert definert som tilbod for enkeltmenneske eller grupper som blir gjeve på eit gardsbruk. Tilbodet byggjer på eit samarbeid med oppvekst-, utdannings- og helse- og sosialsektoren med aktivitetar knytt til garden og landbruket.
SJH har i mange år dreve med tilrettelagt tilbod for ulike brukargrupper. På SJH er det mange aktivitetar som barn, ungdom og vaksne kan vere med på: stell av jord, dyr og planter, matlaging, arbeid i gartneri og butikk. Meiningsfulle og varierte aktivitetar som gjev meistring og læring.
Tilbod som SJH gjer:
- Arbeidstrening og hybeltrening for ungdom og vaksne
- Tilrettelagt undervisningstilbod
- Gardsbesøk frå barnehagar og skular i regionen
- Levande skule, samarbeid med Aurland barne- og ungdomsskule. Garden og dyra blir brukt som pedagogisk ressurs frå 1.- 9.- klasse
- Gardspraksis for 9. klasse frå Skjold Steinerskule i Bergen
- Utvikla kurs innan Stadbasert læring
Det er starta eit eigeteam på SJH som jobbar med å vidareutvikla garden som tilrettelagt arbeidsplass og læringsarena. Det er teke initiativ til organisert samarbeid med Aurland kommune om dette.


