Gardsbutikk

“Mat som gjer deg glad!”

I butikken vår finn du eit godt utval av økologiske daglegvarer.

Me har ein rikhaldig kjøledisk der du finn grønsaker og frukt produsert på SJH. I vinterhalvåret kjøper me inn ein del økologiske produkt.

I frysedisken finn du økologisk lammekjøt: lammesteik, fårekjøtdeig, fårikålkjøt med meir. Alt frå skulen sine eigne sauer. Du finn òg varer frå andre lokale småskala produsentar.

Her kan du sjå kva grønsaker me produserer på SJH.

Me har òg plommer, eple, jordbær, bringebær, rips, solbær og stort utval av urter. I gartneriet har me eit godt utval av blomar for sal. Du kan tinge blomegrupper og oppsatsar.

I ysteriet på skulen vert det produsert fersk ost, yoghurt, kvitost, gamalost og rømme. I tillegg ynskjer me å få inn eit større utval av lokal produsert mat. Kvar onsdag er det ferske grov- og speltbrød for sal. Innimellom dukkar det òg opp bollar, potetkaker og flatbrød.

Tekstil, garn, kosmetikk, helsekost og bøker. Me har mange varer av spelt, og eit godt utval i glutenfrie matvarer. Me sel òg skrivebøker, fargeblyantar, permar og diverse brevpost i miljømerket Hippo.

Finn Gardsbutikken & Gartneriet på Facebook

VELKOMEN INNOM!

Opningstider:

Måndag – torsdag kl. 11.00  – 16.00
Fredag kl. 11.00  – 18.00
Laurdag kl. 11.00 – 14.00

Kontaktinfo:

Sal på marknader

Du finn oss på:

  • Aurlandsmarknaden
  • Geitostfestivalen i Undredal
  • Vikingmarknaden Gudvangen
  • Lærdalsmarknaden
  • Bergen Matfestival
  • Urte- og staudedagen i Kaupanger