Blomsterbutikk

I blomsterbutikken vår har me eit utval av innkjøpte grøne planter, potte- og snittblomster. Hjå oss får dei økologisk stell og me strekker oss etter å skaffe norskproduserte planter. Gjennom sommar og haust tilbyr vi eigenproduserte, økologiske snittblomstar rett frå åkeren.

Opningstider  Kontakt
Måndag – torsdagkl 11-1657 63 71 44 / 415 30 741 - blomstersalg
57 63 71 45 / 415 30 741 - matvarer og andre tilbod
Fredagkl 11-18sjh@sfj.no
Laurdagkl 11-14Følg oss på Facebook

Binderi

Me utfører alt innan binderi; til bryllaup, dåp, gravferd og andre merkedagar. Du kan tinga samanplantingar, bukettar og oppsatsar som me lagar etter ditt eige ynskje.

Jul

Til jul har me eigenproduserte økologiske julestjerner – dei einaste i landet! Hjå oss finn du og eit bredt utval andre juleblomster. Desse brukar me til flotte korger og dekorasjonar etter ditt ynskje. Handbundne kransar og anna pynt til jul kan me og tilby.

Vår og sommar

I vekstsesongen har me eit rikt utval av økologiske sommarblomster, urter og grønsaksplanter dyrka i gartneriet hjå oss. Nytt av året er ein utvida planteskule, med tre og buskar.

Jord, gjødsel, redskap og frø

I grindhuset ved Gardsbutikken har me økologisk jord og gjødsel, samt reiskapar til jordarbeiding og anna dyrkingsutstyr. I sesongen tilbyr me porsjonspakkar med mange ulike økologiske frø frå Solhatt.

Levering

Me leverer i heile Aurland kommune etter avtale.

Ta kontakt for tinging eller spørsmål!