Ofte stilte spørsmål
SJH= Sogn Jord- og Hagebruksskule
søk!
-
Kva er søknadsfristen for å søkje på SJH?
1. mars 2010. Men søk gjerne etter denne datoen. Kanskje vi har ledig plass…
-
Korleis søkjer eg?
Les alt om søkjeprosessen her.
-
Kva er opptakskrava for å starte på SJH?
Du finn alt om opptakskrav her
før & etter utdanninga
-
Kan eg ta VG1 på SJH?
Me kan for tida ikkje tilby VG1 Naturbruk. Dette må elevane eventuelt ta på ein annan skule.
-
Kva kan eg bli med ei utdanning frå SJH?
Du kan bli mykje rart. Nokre tek høgare landbruksutdanning, andre tek over gard. Nokre tek utdanninga berre som ein pause frå jobb, medan andre bruker den grøne bakgrunnen dei får her i andre samanhengar.
-
Finst det andre utdanningar i økologisk landbruk?
Skular som tilbyr kurs/studium innafor økologisk landbruk:
- Stend jordbruksskule, Fana
Mære landbruksskule, Sparbu
Fosen folkehøgskule, Rissa
UMB, Ås - universitet for miljø- og biovitenskap
- Stend jordbruksskule, Fana
bli kjent med skulen
-
Går det an å besøkje SJH for å sjå om det er noko for meg?
Sjølvsagt! Ta kontakt, og me kan avtale noko.
-
Har de ein open dag?
Det blir ikkje open dag i år (2010), men dersom du ønskjer å koma på besøk til skulen, er du hjarteleg velkomen. Ring på førehand, så kan me hjelpa deg med overnatting og omvisning.
-
Går det an å få eit tilpassa undervisningsopplegg?
Det kan kanskje gå an. Ta kontakt med rektor Bjørg Fritzvold for å høyre om moglegheitene.
om elevane
-
Kor gamle er elevane på SJH?
Elevane er frå 16 år til over 50! Gjennomsnittsalderen i 2009 var 24 år.
-
Finst det jenter som går på SJH?
Ja, som regel er det eit fleirtal av jenter.
-
Korleis er det å gå på SJH når ein har barn?
Det går heilt fint med barn. Me har to leilegheiter på internatet som er eigna for familiar, og det finst gardsbarnehage på tunet til SJH. Undervisninga kan kanskje tilpassast dersom det er behov for det.
-
Eg er frå utlandet. Kva reglar gjeld mellom anna i høve finansiering?
om å bu på SJH/i Aurland
-
Kva kostar det å bu på internatet?
All praktisk informasjon om internatet finn du her
-
Er det mogleg å ha med seg husdyr på SJH?
Ja, til ein viss grad. Det er to rom på internatet der det er mogleg med husdyr. Når det gjeld hest, har me som regel plass til det òg. Ta kontakt kontakt med hesteansvarleg Hannah Wood for å høyre om moglegheitene.
-
Er det noko å gjere i fritida på skulen og i Aurland?
generelt
-
Kva er økologisk landbruk
«Økologisk landbruk er et produksjonssystem som opprettholder sunne jordsmonn, bærekraftige økosystemer og folks helse. Dette systemet bygger på økologiske prosesser, biologisk mangfold og kretsløp tilpasset lokale forhold, istedenfor å være avhengig av innsatsfaktorer med uheldig effekt. Økologisk landbruk kombinerer tradisjon, innovasjon og vitenskap til gagn for vårt felles miljø og fremmer rettferdighet og god livskvalitet for alle.»
(Frå heimesidene til Oikos.)


