DNT ung – Aurland er i farta!
Me starta haustsesongen med ein fottur til fjells, nærare bestemt SKJERDAL. Tre ivrige ungdomar og ein hund, av Grønlandstype, som trakk godt oppover «bakkadn» mot Leim. Der, knappe to kilometar etter oppstart, tok me fyrste pause, -det handlar om og kosa seg når ein er på tur! Den lokale «kjent-jenta» hadde ein eksklusiv omvising på stølen. Dei har bygd opp båe nytt sel med ysteri for kvit og brun geitost, og to grindbygg til fjøs og mjølkepall. Alt er bygd rundt det gamle selet som fortsatt står og vitnar om produksjon frå gammal tid. Alt er godkjent av mattilsynet og dei var i full gong med ysting og servering no, sumaren 2011.
Vidare gjekk turen opp til Øystøls. Me hadde fantastisk fint vêr og såg fleire rypeflokkar flaug opp. Det var ganske blautt og mykje vind, så me tok nistematen inne i selet på Øystølen. Detta var tenkt som vendepunktet, men: «ein sånn fin dag må tilbringast i fjellet», var me skjønt einige om! Me fortsette oppover langs elva og opp i SNØEN, som var ein stor attraksjon for Yadda, som bokstaveleg talt gjekk i spinn!
Me hadde med oss Aurlandsdalskartet, som me gjekk utafor kanten på, men me sag Blåskavlen på andre sida av dalen og kunne dimed fastslå at me var opp mot 1800 meter. Me åt opp resten av nistepakka og tok ein siste kikk på fjellandet før me «tutla» nedover att. Det gjekk unna den vegen!
Me er svært fornøgde med turen og håpar på å få med fleire på neste turhelg som er ein gong etter jul. Alle er velkomne, det blir kanskje skitur? Masse moro skal me i alle fall ha!






Siste kommentarer