Vi byggjer for framtida!

A72-101 3D _ Layout

Det nye tilbygget på sørsida av undervisningsbygget er skulen sin nye hovudinngang. Elles baserar opprustninga seg i hovudsak på å ta vare på den bygningsmassa vi har frå før.

Ombygginga er i full gang, og under kan du lese om kva den omfattar. Alt skal vere ferdig til skulestart 2017. Lokalavisa Porten skreiv ein reportasje om status i januar, den kan du lese her.

Korleis vil skulen sjå ut?

Planteikningar for kjellar, 1. og 2. etasje:

A23-0 MØBL U.etg _ Layout A23-1 MØBL. 1.etg _ LayoutA23-2 MØBL 2.etg _ Layout

Her kan du sjå den nye økoskulen i fugleperspektiv:

A10-1 Situasjonsplan _ Layout

A72-101 3D _ Layout

Kva vil bli gjort?

Arbeidet som blir gjort baserar seg på å ta vare på dei bygningane vi allereie har. Det blir med andre ord ikkje nybygg. Vi trur at arealet i bygningane vil bli utnytta optimalt, iallefall langt betre enn det har vorte gjort fram til no. Det var ikkje nok pengar til isolasjon, men det er teke høgde for at ein kan koma igjen seinare og gjere dette. Tidlegare har vi hatt eit alvorleg fuktproblem i internatkjellaren. Dette vil vi få fjerna, samtidig som vi får skifta ut eit forelda avløpssystem i begge kjellarane.

Nytt tilbygg

Det nye tilbygget vil bli den nye hovudinngangen til skulen. Den vil få ei elegant og moderne fasade i glas. Ein ny kjellargang mellom tilbygget og internatet vil kopla desse saman. Ein ny heis sørgjer for at skulen vil få universell utforming. Universell utforming er eit offentleg krav og det er viktig for oss på SJH å vera ein skule med stort hjarterom. Det skal vera lett å ta seg rundt på heile skulen og i bygningane våre for elevar, tilsette og kursdeltakar, også for dei som har vondt for å gå eller er avhengige av rullestol. I tilbygget vil det også bli grupperom og toalett.

Undervisningsbygget

Undervisningsrommet er hjartet til skulen. Her blir den økologiske magien formidla. Etter byggjinga vil elevar og lærarar kunne boltre seg i nyoppussa lokaler. Lærarane vil få nytt arbeidsrom i 2. etasje. Rundt i dette arbeidsrommet sit det mange kontoristar som skal konsentrere seg om viktig arbeid. For å halde dei konsentrerte i arbeidet sitt blir det laga til fleire «stillerom». Desse romma vil bli brukt til samtale mellom lærarar og tilsette, eller til møte mellom lærarar og elevar.

Rektorkontor og resepsjon blir flytta på austsida av etasja. Det blir bygd ut i sørenden over biblioteket slik at etasjene blir jamnstore. Dette blir del av eit større arbeidsrom for lærarar og tilsette ved ressurssenteret. Trappa mellom etasjane blir som i dag. I kjellaren vil vi få tilfredsstillande garderobeforhold for elevar og tilsette. Tidlegare har ikkje dette vore på plass for dei tilsette.

Uteareal og parkeringsområde

Tunet vil bli heva stigande til same nivå som hovudinngangen. Rundkøyringa rundt tuntreet lyt vike for nysådd grøn plen. Det blir laga til fleire parkeringsplassar inn mellom Borstova og barnehagen. Utanfor inngangspartiet skal det støypast ei platning.

Internatkjøken

Kjøkenet vil bli pussa opp og flytta frå austenden til vestenden av kjellaren i internatbygget. Den austvendte innkjøringa som tidlegare har vore stengt vil bli opna for varelevering. Det vil bli senka og asfaltert ei platting til dette. Slik vil kjøkenpersonellet få varene sine levert rett på døra.

Matsal

Matsalen er staden for den gode middagspraten og er ein viktig del av skulen. Den blir også fornya, nå med ny buffé-avdeling. Dette vil tene som både festsal og seminarrom.

Elevkjøken og opphaldsrom for elevar

Dette vil bli flytta frå «Kommunehuset» til austenden av internatet. I 1. og 2. etasje blir det pussa opp med nye internatkjøken og opphaldsrom for elevane.

I kva rekkjefølgje vil arbeidet bli gjort?

Til venstre finn du oversikt over når dei ulike byggjetrinna blir gjennomført, og til høgre finn du eit skjematisk oversyn over skuledrifta i utbyggingsperioden:

plan utbygging og skuledrift

, , , , ,