Engasjement for fleirårige kulturar

Irja gjekk ut frå SJH  våren  2014  og har slått rot i økokommunen Tingvoll. Saman med sambuaren driv ho planteskule og permakulturplanter.no Ho brenn for fleirårige kulturar. Les om hennar engasjement her!

Kva gjer du i dag?

Vi driv ein planteskule som sel fleirårige nyttevekster som frukt- og nøttetre, bærbuskar mm, og produserer økologisk frukt, bær og fleirårige grønsaker til lokalt sal.

Irja Ainora pipeløk

Her er Irja med lille Ainora. På bildet ein man pipeløk, evighetsspinat og bittesmå, nyplanta bærbusker imellom.

Fleirårige planter er våre favorittar, fordi dei best kan etterlikne naturen sine økosystem. Dei er gode til å utnytte sollyset og dekke jorda året rundt, og etablere gunstige symbioser med kvarandre og med jordlivet.

Fleirårige planter etablerer gjerne djupare røter enn eittårige. Dei kan dermed betre nytte tilgjengeleg vatn og næring i jorda. Dei kan også danne langvarige kjærleiksforhold med sopp og mikroorganismer i jorda, fordi dei ikkje blir pløygd om. Fleirårige kulturar gir oppbygging av humus, og av jorda sin bufferkapasitet. Difor er dei meir robuste mot klimaendringar og vêrekstremar, samtidig som dei lagrar meir karbon og dermed bidrar til å dempe global oppvarming. Ei praktisk side er at arbeid og innhausting (eller “innvåring”) blir spreidd jamnare utover året.

Eit fleirårig dyrkingssystem treng mindre luking, vatning og gjødsling. Eit stort mangfald av artar og sortar gir færre problem med skadedyr og sjukdom – og større sikkerheit for matprodusenten.

Her på garden bygger vi opp ein skoghage,  dvs eit dyrkingssystem som etterliknar økosystemet i ein ung skog, men med spiselege vekster. Her har vi eit stort mangfald av spiselege urter bunndekket, det er fleirårige grønsaker med mange slags lauk, kål og rotvekster, det er bærbuskar og belgvekster, frukt- og nøttetre, og klatreplanter på desse (f.eks. stikkelsbærkiwi). Gjennom kompliserte samplantingar prøver vi å oppnå størst mogleg produksjon av biomasse per kvadratmeter – og dermed størst mogleg lagring av CO2. Eg anbefaler alle å undersøke universet av fleirårige grønsaker – det er mangt meir enn asparges! Mykje informasjon blir etterkvart lagt opp på nettsida vår, permakulturplanter.no .

Ved å velje fleirårige vekster kan matproduksjonen vår dempe klimaendringane – men også bli meir robust mot dei klimaendringane vi går i møte, og allereie opplever i dag. I tillegg kjem ein stor ernæringsmessig gevinst og større tryggleik for matprodusent og matetar. 

Kva har skulegongen din ved SJH betydd for ditt virke? 

I tillegg til kunnskap for livet, har SJH styrka pågangsmotet mitt og trua på at det vi vil, og står saman om – det får vi til! Eg har også fått eit meir nyansert syn på det økologisk jordbruket, og ser at vi treng enda djupare og meir grunnleggande endringar i matproduksjon og matforsyning, i møte med klimaendringane og slutten av oljealderen.

Her ser vi eit mylder av  jordskokk, solsikker, mashua og malva som er spiselige blomster, flerårig kål, Jerusalem-artisjokk, sibirfuru som gir pinjekjerne-aktige nøtter med meir.

Her ser vi eit mylder av jordskokk, solsikker, mashua og malva som er spiselige blomster, flerårig kål, Jerusalem-artisjokk, sibirfuru som gir pinjekjerne-aktige nøtter med meir.

Kvifor syntes du det er viktig med økologisk landbruk?

Barn treng trygg mat fri for sprøytemiddelrestar. Matprodusentar treng ein giftfri og meiningsfull arbeidsplass. Dyra treng mindre antibiotika og meir respekt enn det konvensjonelle landbruket gir dei. Det økologiske jordbruket har ein lang veg å gå med å senke energibruk, kraftfôrimport og klimautslepp, men det gir oss likevel større mattryggleik enn konvensjonelt jordbruk, fordi det har større mangfald og betre evne til å resirkulere næringsstoffa innanfor garden.

Kva er ditt beste minne?

Den sterke kjensla av fellesskap! SJH har eit fantastisk inkluderande miljø som varmar deg som eit knakande leirbål. Fyrste dag som «jorbris» hadde eg knapt kome inn på skuleplassen før ein livat gjeng tok med med opp på fjellet og ut på fisketur. Det blir umogleg å velje mellom fjellturane, dei gode, heimedyrka fellesmiddagane, dei heftige politiske diskusjonane, humoren i rekneskapstimane, å hente tilfredse kyr ned frå Rasmusdalen, innhausting i lag med femti andre, fulle av jord og smil, eller å berre vere, i lag med dyra, og kjenne på roa.

 

Her kan ein sjå mashua, malva, gulrot i samplanting med ulike løk, jordbær, squash, peppermynte, kamomille, stolt Henriks gåsefot som gir proteinrike frø. ("Norges quinoa")

Her kan ein sjå mashua, malva, gulrot i samplanting med ulike løk, jordbær, squash, peppermynte, kamomille, stolt Henriks gåsefot som gir proteinrike frø. (“Norges quinoa”)