Skuletur VG3, juni 2010
Det er ikkje alltid like enkel å kome seg av gårde på tid, men 8.30 hadde skuleturen byrja! Fyrste stopp urtegard Aukrust.
Med 10 elevar, 1 lærar og rektoren i ein minibuss var det god stemning! Etter å ha kjøyrt forbi tallause hollandske og tyske bobiler kom me opp Sognefjellet: i snøen!! Det var ein god og kald stopp for både kaffi- og do-pause! Temperaturen på Aukrust var ikkje myke varmere.. men plassen var utroleg flott! Masse blomster, kyrne ute på beite og ein liten butikk som duftet dei finaste krydder og blomster. Olav Aukrust tok oss imot i det nye konferanseromet og viste oss rund på gården. Eg er sikkert på at fleire i klassen er no bestemmt å få seg jobb eller praksis der etter skulen =)
Etter ein kort stopp ved Lom bakeriet (mmm! Deilige boller) kom me fram på Brimi seter. Den blei kjøpt av 2 unge menn som har byggd det opp til ein møteplass for grupper, gardsturisme, ysteri, og meir.
Plassen virket veldig langt vekk frå sivilasjon, men det er nok det folk vil gjerne oppleve! Mens me satt på denne koselege loften, lu for kald vind, fortalte mannen oss om historien, no-tida og fremtida til seteren. Ein omvisning førte oss gjennom byggningen som er tilrettelagt til å ta imot grupper til middag, overnatting og kjikk i ysteriet. I kjelleren fekk me sjå ostene som ligger å modne. Det var veldeg kjekk å lære om korleis å satse på gardsturisme på denne måten. Men no byrja det å bli seint og måtte me kome oss inn i bussen til siste stopp: seteren til familien til Bjørg i Vågå.
Ein kveldstur over fjellet til utsiktspunket over Vågådalen (me blei nesten blåst frå fjellet!!) og god mat. Denne fyrste dagen var innholdsrik, og eg trur at alle sov som ein stein sjølv om vinden prøvde å blåse vekk telt og lavo heile natta!
Neste dagen var biodynamisk gard Ommang (i Hedmark) vårt fyrste mål. Landskapet blei flattere og flattere og været betre og betre. Etter ankomst byrja me med ein kjapp angrep mot kveke (å finne fram potetane på åkeren). Då me hadde vist vår arbeidslyst kom Gert-Jan (gardseigar) og viste oss den imponerande fjøsen (både ku og geit), geitane ut på beite, ysteriet, og butikken. Veldig allsidig gard med fin atmosfere.
Ikkje langt frå Ommang ligg Fokhol Gård, kor arbeidshest utgjer ein stor del av gardsdriften. Garden er driven av ein stiftelse og er utroleg stor i forhold til ei Vestlandske gardar eg er vant til no.. Svære byggningar, stort areal, og den største loften eg har sett i mitt liv!!
Hannah som er tilsatt på garden tok seg mykje tid å vise oss hestane på beite, garden, kyrne, åkrane, og mykje meir. Me spiste deilig vegetarmat i matsalen og fekk teltplass i den fine blomsterhagen.
Med eit tungt hjerte forlot me Fokhol og fortsatt turen til ein økologisk landsby (i oppbygging). Me fekk ein interessant powerpointpresentasjon og snakka med ein av initiativtakere. Han forklarte planene og ideene om å oppbygge landsbyen. Ein kort tur førte oss gjennom ’senteret’ og opp i skogen kor det skulle bli byggd hus og meir dei neste årene. Barnehage var i hvert fall nesten ferdig! Derfrå var det rett til Oslo Kongsgården! Veldig rart å ha ein gård mitt i byen, synast eg, men me fekk god forklaring for kofor det var sånn! Dei har i hvert fall ein imponerande mjølkefjøs og masse beite rundumkring. Rett bak gården finn ein folkemuseet, kor me blei smugla inn gjennom bakdøra og fekk oppleve gammal Norge ”i eit nøtteskal” (og spiste lefser laga av Isac som har vore elev før og no jobba i museet!).
Det var veldig interessant, men no ventet foreldrene til Olav Arne Gabriel oss under Norefjell, så me hoppet inn i bussen og kjøyrte vidare.
Under norefjell ventet oss meir sol, varme, og… svømmebassengen!
Omvisningen skulle me få neste dagen så me spenderte kvelden med fotball, svømming, elgsafari bak garden og god kveldsmat i sola!
Neste morgon fortalte mora til Olav Arne om garden, urtehagen og lokale utviklingar. Ein stor motivasjon for oss elevar å sjå at det går an å vere kreativ og fokusere på lokalt samarbeid i staden for å bli storbonde! Me har val!
Og så var det vidare til veikåker, ikkje langt frå Norefjell, kor me møtet Hannah Høne som satsar på økologisk hønsehald og i tillegg mange andre ting, blant annet servering, båtutleige, gardsbutikk, svinekjøtt,…
Ho fortalte oss om å jobbe med det ein vil, og i tilleg ga ho oss ein god råd: skriv opp ALT!
Derfrå var det heimatt! Helst så fort som mogleg fordi Olav måtte slå grass heim i Hafslo.. Likevel hadde me tid for ein stopp i Hol å handle i Felleskjøpet og svømme i elva!
Turen var supert!! Me hadde det gøy (særleg dei på framsetet trur eg..) og eg har lært mykje: no har eg litt meir oversikt over Norge (i hvert fall den delen me kjøyrte gjennom), Østlandet er flatt og ein gard der er minst 5 ganger større enn på Vestlandet. Og til slutt: vær kreativ og ikkje gi opp!
Mariken Huiben.


