Det beste med SJH…
Hei!
Eg tenkte at de får eit betre inntrykk av korleis skulen er og kva som skjer på kvardagar her, viss de sjå det gjennom elevane sine auge. Så eg gjekk rundt på skulen og snakka med nokre elevar… Om undervisninga, om kva dei liker her, kva dei gjer i fritida, kva skulen tilbyr dei… Håper at de får eit godt bilete av kor fint/morosamt/interessant/lærerikt/fellesskapeleg/økologisk- ja, rett og slett fantastisk -me har det her
Alinta
Mariken
«Eg likar best å vera med i fjøspraksis. Det inneheld både stall- og fjøsvakt. Me mjølkar kyr og geiter tidleg om morgonen og om ettermiddagen. Me steller hestane. Det er veldig fint å sjå at dyrane er fornøgde etter me er ferdige! Om våren har me og lammevakt! Veldig spennande og i tillegg synest eg at det er fint å berre sitje i sauefjøsen og høyre på sauelydane. Det som eg også likar veldig godt her i Aurland er landskapet: det finst så mange muglegheitar for turgåing, gå skiturar og friluftsliv! Skulen har båt og hytte til utlån, og det er alltid noko å finne på!»
Olav Arne Gabriel
«På forhånd viste jeg at dette er en av de fineste plassene i Norge: med Aurlandsdalen og Flåmsdalen. Året før jeg begynte på SJH forstod jeg at det fantes mer enn fantastisk natur, men også verdifull kunnskap. Gjennom å være og fortsatt lære har dette vært et av mine viktigste skoleår. Det viste seg at menneskene på SJH kan noe, vil noe og er noe. Et hav av lærdom på mange plan står til etterfølgelse når skolen tar slutt for meg en gang.»
Solveig
«I min fritid gjør jeg masse forskjellig! Det er mange tilbud i bygda, blant annet kor, svømming, turer, yoga. På skolen har vi filmklubb, gammeldans, håndarbeidskvelder og vi lager mat sammen. I helgene har vi som elever mulighet til å jobbe i gårdsbutikken, og av og til i fjøset. Vi har flere fine turområder- hytta i Rasmusdalen, tur oppover langs Turlifossen, Bellskogen, Hovdungo. Jeg trives veldig godt her. Fint sosialt miljø. Det er bestandig noe å ta seg til, så det er aldri kjedelig:).»
Guro
«Jeg kommer fra et landbrukssted utenfor Kongsberg og valgte å gå landbruk på videregående i stedet for allmenn. Da jeg skulle velge hvor jeg skulle gå etter ett år på konvensjonell landbruksskole, var det greit å kunne få sjansen til å gå her. Det fineste med skolen her er at man har fjøsuke. Når kuene lager koselyder og geitene sier hei, veit man at man har fått en fin start på dagen.»
Alinta
«Bål på sauebeite, gå turar til skulen si hytte oppe i Rasmusdalen, sitje lammevakt, ha foredlingsprosjekt i Eldhuset, skidag for heile skulen… Berre for å nemne noko av dei fine opplevingar ein har her på skulen! Eg er særleg glad i ”utefag”, som fjøsøvingar, foredling, hagebruk, jordbruk og teknikk på verkstaden. Det er kjekt at me har prosjekter i foredling, hagebruk og jordbruk der elevane må jobbe på eigehand og anvende det me har lært i undervisninga. I fritida brukar eg gjerne Eldhuset til å bake flatbrød og lage syltetøy, låne idrettsbana til å spille fotball, dreie i treverkstaden, jobbe i elevhagen eller gå på tur opp i fjellet der ein har kjempefin utsikt over heile fjorden…
Ein av plassane eg likar mest på skulen er gardsbutikken vår. Han er møteplass for elevar og tilsette, bygdefolk og turistar og opnar skulen til verda utanfor. Her på skulen får ein vel eit godt innblikk i kva som er «økologisk jordbruk», men det finst ein ting eg set enda meir pris på: Det er alle dei fine menneska eg møter her, som alle på sin måte bidrar til eit svært godt fellesskap og som har mykje å gi vidare, både fagleg og sosialt.»
Lars Ola
«Det er ikkje lenge sidan det var haust og skulestart. Den tida da tilsynelatande normale personar og personar med dreds og rare klede trava rundt om i Aurland for å finne husrom, med mindre dei allereie hadde takka ja til tilbodet om rom på internatet. Og så trava oss gjennom hausten med turar, hausting av ymse, både under og over jordoverflata. Og så kom vinteren med den fyrste skikkelege snøen i Aurland på fleire år. Vinteren baud også på flatbrød, husdyr og surt kaninfôr. Og plutseleg kom våren med maltraktering av ein del tre, såing og hakking i jorda, før kålen vart sett…»



Bra tekst og flotte bilder Alinta !
Venke
kjempegreier Alinta! Sånne bidrag må me ha